• Julemiddag og musikk 19.12.24

Torsdag 19. desember

Vi på Havglytt vil gjere ein forskjell

Aktivitetssenter • Kafédrift • Lokale til leige • Frisør • Fotterapeut

Bli med på julemiddag og julemusikk i lag med oss på Havglytt!

Bandet «Knut Ingvars» begynner å spele kl. 12.30.
Middagen blir servert kl. 13.15.
Juletallerken kr. 50. Påmelding i resepsjonen på Havglytt eller tlf.: 57 75 02 40. Begrensa tal plassar.
For gratis transport ring Servicetorget på tlf.: 57 75 60 03  (avtal hentetid)
God Jul Havglytt
Middag Havglytt
Synes du mat er dyrt? Slit du med å få endane til å møtes?
Vi på Havglytt vil gjerne gjere ein forskjell! Vi serverer rimelege og gode middagar mandag  – fredag fram til kl. 16.00
Enkelte dagar byr vi på gratis middag frå kl 15.15 til 17.30  Fint om du reserverer plass på messenger.
Elles er det berre å møte opp, så serverar vi så lenge det er mat igjen.
Inga aldersgrense – alle er velkomne!
Treng du lokale til kurs, bursdag, gravferd, bryllaup?
Vi har trivelege lokale til leige midt i Florø sentrum. Her kan du ordne med maten sjølv, eller så kan vi fikse det.
Ikkje nøl med å spørre oss!
Utleige av lokale Havglytt
Frisør Havglytt
Treng du hjelp med hårvask, hårklipp eller litt neglelakk?
På Havglytt finn du ein rimeleg frisørsalong. Ta kontakt – eller stikk innom så finn vi ein time til deg.

Har du spørsmål?

Kontakt oss på aktivitetssenteret Havglytt i Hans Blomgate 10

T: 57 75 02 40  // E: havglytt@origod.no

Aktivitetssenteret HAVGLYTT