Trearbeid

Trearbeiding i Førde

Origod si produksjonsavdeling i Førde kan tilby eit breitt spekter av produkt.
Vi har lang erfaring innanfor trearbeid, og har ei CNC fresemaskin, som kan lage «alt» av tre.

Ta gjerne kontakt med oss!

Elektroniske skyteskiver

Origod si produksjonsavdeling i Førde produserer elektroniske skyteskiver for Megalink.

Skyteskivene blir levert til skytterlaga sine treningsbaner rundt om i heile landet. I tillegg brukar forsvaret skyteskivene frå Førde til trening. Megalink, som er lokalisert i Drøbak vart etablert i samarbeid med Firda Produkt (seinare Mentro og Origod) på slutten av 80-talet. Anders Tidemansen og Leif Bakken var sentrale personar i utviklinga.

Det krevst mange prosessar og eit nøyaktig arbeid å lage elektroniske skyteskiver. Dei som jobbar her er dedikerte til sine arbeidsoppgåver med skyteskiver, og vi er stolte av produkta vi leverer frå oss..

Dedikerte og nøyaktige medarbeidarar med ein moderne maskinpark

Vi kan lage «ALT» av treverk

Med den avanserte  CNC Rover maskina kan vi lage så og seie alt av treprodukt som folk etterspør. På snekkerverkstaden i Førde lagar vi mellom anna delar til dei elektroniske skyteskivene, hagemøblar, skilt i alle fasongar, skohyller, benkeplater med firmanamn, serveringsbrett for ulike glas, transportkassar og naturkassar.

Lista over produkt er lang og kundane våre er både næringsliv, det offentlege og private.

Det er berre fantasien som set grense for kva vi kan lage.

Trearbeid Førde - origod.no

Raimund Chscanovic er arbeidsleiar og har hovudansvaret for den avanserte CNC Rover maskina.

Eit utval av ting vi har laga på snekkarverkstaden:

Renovasjon og sortering

Fretexsortering Produksjon Førde - origod.no

Origod si produksjonsavdeling i Førde samarbeider med Sunnfjord Miljøverk (SUM) om utkøyring av matavfallsposar og plastrullar.

Matavfallsposar og plastrullar til sortering av mat, plast og papir blir no lagt ut på 18 ulike butikkar i Sunnfjord, Fjaler, Askvoll og Hyllestad. Vi i Origod tar oss av å fylle opp lagera.

Vi samarbeider og med Fretex om å tømme Fretexboksane og sortere kle, sko og vesker.

Dette blir gjort for å sleppe å køyre ting til Bergen, som Fretex ikkje ønskjer. Det blir sortert ut ca. 750 kg med boss kvar månad. Kvar Fretexboks inneheld ca. 5 tonn med klede.

Med lang erfaring og dyktige folk kan vi levere det meste

  • Snekkarverkstad
  • Skiltgravering
  • CNC fres
  • Elektroniske skyteskiver
  • Treprodukt
  • Reparasjon

Kan vi hjelpe deg med noko?

Ikkje nøl med å kontakte oss!

Ronny Grimeland - Origod

Ronny Grimeland

Produksjonsleiar Førde