Jan-Martin Berge, også kjent som PsykologBerge, kjem til Origod sin jubileumskonferanse 7. mai.
FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE
FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE
Origod feirer 50 år med ein storslått konferanse, og vi gler oss over at den prisvinnande psykologspesialisten Jan-Martin Berge kjem for å halde foredraget «Mentale musklar: Nøkkelen til arbeidsglede, motivasjon og inkludering».
Ein meister i inspirasjon
Jan-Martin Berge, eller «PsykologBerge» som han også vert kalla, er kjent for sine inspirerande og humoristiske foredrag som kombinerer fagleg tyngde med praktiske verktøy for å styrke mental helse og arbeidsglede. Han har lenge interessert seg særleg for arbeidslivet og menneska i organisasjonar, og korleis godt samarbeid, arbeidsglede og gode leiarar vert skapte. Gjennom åra har Jan-Martin utvikla konseptet akademisk stand-up og er blitt ein ettertrakta foredragsholdar med gode tilbakemeldingar.
Kva kan du forvente?
Dette er ein unik sjanse til å lære frå ein av dei fremste ekspertane innan feltet. I foredraget vil Berge dele innsikter om korleis ein kan bygge mentale musklar for å oppnå større arbeidsglede, auka motivasjon og fremje inkludering på arbeidsplassen – blanda med ein god dose humor.
Vi oppmodar deg til å delta på Origod sin jubileumskonferanse 7. mai for å oppleve Jan-Martin Berge sitt inspirerande foredrag og feire saman med oss. Dette blir ein dag fylt med læring, inspirasjon og nettverksbygging.
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no