FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE
FLORØ
Klubbetunet 2
6902 FLORØ
FØRDE
Øyrane 2
6801 FØRDE
Sunnfjord produkt // Firda produkt // Nærtenesten // Mentro // Origod
Bakgrunnen for at Sunnfjord Produkt og seinare Origod vart etablert er arbeidet som Annanias Batalden (1893 – 1973) la ned. Han hadde cerebral parese, og via livet sitt til «vanføresaka». I tillegg til å legge ned ein masse arbeid for denne saka, så gav han eigendommen sin i Havreneset til Vestlandske Vanførelag rundt 1960. På denne tomta var det Sunnfjord Produkt Vest såg dagens lys i 1975. Ei verna bedrift som skulle skaffe arbeid til yrkesvalhemma. Med dagens ord; jobbe mot utanforskap.
Fusjon med Mentro og Nærtenesten
2019 var eit viktig år for Origod. Då slo vi oss saman med Nærtenesten, som har røtene sine i Krokane-prosjektet, og samtidig vart Mentro i Førde ein del av oss. Mentro var ei arbeid- og inkluderingsbedrift med ein liknande bakgrunn som Origod, og starta opp som Firda Produkt på 90-talet. Målet var å gi arbeid til folk som hadde vanskeleg for å komme inn i det ordinære arbeidslivet.
Desse to selskapa har styrkt Origod på fleire viktige område. Nærtenesten har hatt stort fokus på transport, renovasjon og eigedomsvedlikehald, medan Mentro i Førde har hatt ei stor produksjonsavdeling med alt frå trearbeid til elektroniske skyteskiver. Dette har gitt oss eit breitt og variert tilbod, som har bidratt til å skape fleire moglegheiter for folk som står utanfor arbeidsmarknaden.
Saman mot utanforskap i 50 år
Origod har etterkvart blitt ein betydeleg aktør i arbeidet med å få folk tilbake i arbeid og gje tilbod om varig tilrettelagt arbeid. Vi har sidan starten i 1975 jobba mot utenforskap, og framover vil vi legge enno meir innsats i dette arbeidet. I dag har vi avdeling i både Florø og Førde, med mekanisk verksemd i Florø og trearbeid i Førde. Frå begge verkstadane leverer vi viktige produkt av høg kvalitet til lokalt næringsliv og private.
Vi skal markere 50-årsjubileet gjennom heile året, med mange ulike arrangement. Vi skal fortelje meir om historia vår gjennom året, og ikkje minst jobbe framtidsretta for at folk flest skal få eit godt og aktivt arbeidsliv.
7. mai skal vi arrangere jubileumskonferanse. Dette blir den største markeringa av 50-årsjubileet, med ulike aktivitetar og festmiddag!
Firdaposten laurdag 24. mai 1975 (arkiv)
Har du spørsmål?
Kontakt administrerande direktør Ola Teigen
T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no