Adrian Lund formidlar med kraftfull innleving, humor og sårbare historier, og evnar å treffe publikum på eit djupt personleg plan. Han kjem på jubileumskonferansen vår den 7. mai, bli med!

Inkludering og arbeidsglede – høyr Adrian Lund på jubileumskonferansen

Jubileumskonferansen til Origod nærmar seg, og vi synest det er stas at Adrian Lund kjem på jubileumskonferansen vår med foredraget «Tenk, om alle var som meg».

Adrian Lund har lært seg å snu negative erfaringar til positiv læring. Med eit brennande ønske om å påverke positiv forandringar, klarar Adrian å treffe eit breitt spekter av publikum – frå næringslivsleiarar til skuleelevar. Han formidlar med kraftfull innleving, humor og sårbare historier, og evnar å treffe publikum på eit djupt og personleg plan. Gjennom foredrag skapar han refleksjon rundt viktigheita av å sjå heile mennesket bak diagnosar og forskjellar.

Snur utfordringar til moglegheiter

Han er ikkje berre ein føredragshaldar, men óg ei respektert stemme for inkluderingsarbeid. Til trass for å vere hardt ramma av Tourettes, har Adrian gjort det til målet sitt å vere ei inspirasjonskjelde for andre. 7. mai kjem han til Florø for å dele si personlege historie, og i tillegg dele verdifull innsikt for å skape eit inkluderande arbeidsmiljø.

«Tenk, om alle var som meg»

I eit samfunn der stadig fleire kjenner på utanforskap, høyrer vi ofte snakk om mangfald. Likevel er det i mange tilfelle eit pliktord – noko «ein berre må ha» for å verke inkluderande. Adrian utfordrar oss derfor til å spørje: Er vi verkeleg rause nok til å akseptere at folk kan vere annleis enn oss sjølv? På jubileumskonferansen vil Adrian snakke om kva mangfald faktisk er. Han vil dele innsikt om korleis ulikskap kan vere ein styrke i arbeidslivet, og korleis vi kan nytte det for å skape sterkare team og ein betre arbeidskultur.

Sjåast vi 7. mai?

Vi håpar å sjå deg på Origod sin jubileumskonferanse 7. mai i Florø. Det blir den største markeringa av 50-årsjubileet, med ein fullspekka dag med foredrag. Bli med og høyr på aktørar som jobbar for eit arbeidsmarknad for alle. Konferansen er gratis og open for alle.

Sjå heile programmet og meld deg på her!

Har du spørsmål?

Kontakt administrerande direktør Ola Teigen

T: 975 48 023 // E: ola.teigen@origod.no

KONTAKTSIDE